Om oss

Jølster Løypelag vart skipa vinter 2012. Med nyetablerte turløyper vart det behov for å skipe eit lag som driftar anlegget på alle områder for at du skal få ein fin oppleving hos oss. Laget består av ei driftsgruppe som sørger for at løypene er i god stand. Løypenettet skal vedlikehaldas sommar og vinter, med hovudvekt på vinter da skiløypene skal preparerast.

Løypepreparering

På startsida vil du sjå status på prepareringa; kortid på dagen trakkemaskina har starta og kva løype som blir preparert. Trakkemaskina vil alltid starte nede ved Skisenter nedre stasjon, så sant nederste løypedel er open. Generelt vil vi trakke løyper om morgonen i helgane og i vekedagane vil været vere styrande, men hovudmålet er at løypene er trakka til kl 12. I feriar vil løypene bli trakka om morgonen.

Fantastiske turopplevelsar!

Gjesdalsdalen byr på fantastiske turopplevelsar heile året. Området tilbyr flott natur mellom elvar og bekkar som kjem frå fjelltoppane rundt. Terrenget består av fastmark samt myrområder, og skogstypen er bjørk og furu. Gjennom turløypa vil du passere både fast veg og planert utmark, og alle elvekrysningar er tilrettelagt for turgåarar.Vinterstid vil du gå i maskinpreparert løype på 6 m breidde som er tilrettelagt for alle skigreiner. Det er mogleg å starte på løypa i frå to inngangar. Du kan anten starte nede ved parkeringsplassen ved varmestova eller kjøre opp i Holtane hyttefelt og starte frå parkering der. Total lengde på løypenettet er ca 20 km. Sjå kart for meir detaljar.

God tur!

Styret